Issoleie er ein velkjend, heimleg fjellplante med kvite blomar som seint i bløminga ofte vert raudlege, etter sigande for å kunne fange meir energi frå sola for å hjelpe på fruktmogninga. Han er den karplanten som er funnen høgast opp i Noreg, til 2370 moh. på Galdhøpiggen (Lom, Oppland). I motsetnad til mange andre soleier, er ikkje denne så giftig, og ho er ein populær beiteplante for rein. Arten vert difor òg kalla reinblom, men må ikkje verte forveksla med reinrose i rosefamilien.
Gjeldende kategori er sårbar VU
Gjeldende kategori er nær truet NT
Prikkene markerer registrerte funn av arten/artsgruppen.