Ein ny milepel er nådd!
Ein ny stor milepel er nådd for rapporteringssystemet Artsobservasjoner. Ei kanadagås som vart observert første nyttårsdag ved Orrevatnet på Jæren av Egil Ween, vart tilfeldigvis rapport nummer 3 millionar. For mange naturinteresserte har rapporteringsverktøyet vorte ein viktig del av hobbyen. Fleire frivillige organisasjonar knytt til SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfald) brukar no systemet aktivt i sitt organisasjonsarbeid. Utan dette aktive samspelet med dei frivillige biologiorganisasjonane ville Artsobservasjonar ikkje fått den viktige rolla rapporteringssystemet no har. Svært mange ser på dette med å dela sine observasjonar som eit viktig bidrag til dokumentasjonen av det biologiske mangfaldet.
Egil Ween seier følgjande til Artsdatabanken:
”Artsobservasjoner er et flott tilskudd til fugle-miljøet som jeg er en del av. I tillegg til å gi verdifull informasjon til diverse forvaltnings-organ gir det oss fuglekikkere en oppdatert oversikt over hva som rører seg til en hver tid i det ganske land. Det gir også en rekke spen-nende statistikkmuligheter både for privat-personer og for områder og enkeltlokasjoner.
Jeg er til daglig med i styret i Utsira fugle-stasjon. På vår nettside er det lenke til daglige observasjoner, dagbøker, bilder, artslister og annet, alt hentet fra Artsobservasjoner.” |
 |
|
Kanadagås (Branta canadensis). Foto: Egil Ween |
| |
|
Egil Ween er 44 år og bur i Stavanger. Han er naturinteressert med hovedfokus på fugle-kikking dei siste 20 åra. Han passerte nyleg milepelen med å ha sett meir enn 400 fugle-arter i Norge. Spesielt er han interessert i sjø-fugltrekk, vadarar, nattsongarar og haust-trekket på øyer i havgapet. Han er medlem av NOF og i diverse lokallag og fuglestasjoner, og er fylkeskoordinator for åkerrikse prosjektet.
Kva vert rapportert? Det er ei kjent sak at fuglar er interessant for mange, og dette reflekterer seg også i Arts-observasjoner. Heile 86 % av observa-sjonane er av fuglar, fordelt på ca 470 arter og underarter. |
 |
|
Foto: Carl Johan Ween |
| |
Vekstene har også sine entusiastar, og det er ikkje uventa at 11 % av observasjonane i Artsobser-vasjoner er karplanter, moser, lav og sopp. For desse atsgruppene er det i systemet til no over 3150 arter på ulike taksonomiske nivå. For insekt, edderkoppdyr og ei rad andre dyregrupper er det lagt inn over 70 000 rapportar, dette utgjer 2,3 % av totalt volum, men det er rapportert over 3600 arter. Færrast rapportar er det for pattedyr, krypdyr og amfibier (15 000 rapportar av 91 arter).
Eit formidabelt fotoarkiv Artsobservasjoner har vorte eit stort biletarkiv. Svært mange har lagt inn bilete, gjerne som dokumentasjon av sine artsfunn. Det er lasta opp vel 55 000 bilete i systemet til no. Mange av desse gjev god dokumentasjon av artene. Naturleg nok er det flest foto av fuglar. For insekt, edderkoppar m.m. (modulen småkryp) er det ca 20 % av observasjonane som har bilete. Også innan artsgruppene som omfattar karplanter og sopp er det svært mange bilete, omlag 6 % av desse artsfunna er med bileter. For dei som har oppgåva med å validera observasjonane er gode artsbilete i mange tilfelle ei god støtte. Artsdata-banken gjer merksam på at dersom nokon ynskjer å bruke bileta i Arts-observasjoner i andre samanhangar må det innhentast samtykke frå fotografen. |
 |
|
Figur 1. Fordelinga av bilete i Artsobservasjoner |
| |
Mange rapporterer observa-sjonane sine frå år tilbake i Artsobservasjonar, og slik sett bidrar tenesta til at felt-dagbøker vert digitalisert. I 54 % av rapportane er felt-observasjonen gjort før Arts-observasjoner vart lansert. Over 600 000 observasjonar er frå før år 2000. Dette tyder på at rapporterings-systemet alt har gjort mykje for å mobilisera den folke-lege kunnskapen om arter og natur. For nokre kjende fuglelokalitetar finnes det alt lange tidsseriar for enkelte arter. Fordelinga av obser-vasjonar på 10-år fordeler seg som vist i figur 2. |
 |
|
Figur 2. Fordeling av observasjonar i Artsobservasjoner på 10-år |
| |
Naturleg nok legg ikkje alle dei 5100 rapportørane inn like mykje. Det er heller slik at det er dei få som lagar underhalding for dei mange. Dei 100 mest aktive rapportørane har til no lagt inn nesten 70 % av volumet i Artsobservasjoner. Om ein ser på dei 300 mest aktive, har dei lagt inn 77 % av volumet. Dette betyr at det også er svært mange som legg inn litt. Datatrafikken til tenesta er svært stor og aukar stadig. Sist vi målte dette, i september 2009, var det over 9 mill. treff fordelt på over 16 000 unike IP-adresser.
|
Raudlistearter Svært mange rapporterer det dei observerer uavhengig av kva status arten har, og vi har ingen indikasjonar på at artene på Raudlista 2006 vert overrapportert. Over 396 000 rapportar (13 %) i Artsobser-vasjoner gjeld raudlistearter. Av desse er vel 119 000 arter i raudlistekategoriane Kritisk truga (CR), Sterkt truga (EN) og Sårbar (VU). |
 |
|
Figur 3. Fordeling av observasjonar av raudlistearter i Artsobservasjoner |
| |
Kva kan data frå Artsobservasjoner brukast til?
Alle artsfunn i Artsobservasjoner er no tilgjengelege i Artskart. Dermed er dei, saman med data frå naturvitskaplege forskningsinstitusjonar, tilgjengeleg for folk flest, forvaltning og forskning. Naturinteresserte kan når som helst søkja fram på kart både kvar enkeltarter finst og kva arter som er registrerte på geografiske område som brukaren sjølv definerer. For forvaltninga i kommunar , fylke og stat er dei same dataene fullt tilgjengelege for bruk mellom anna i arealforvaltning og miljøanalyser. Artsdatabanken erfarer at fleire forskarar også brukar data frå Artsobservasjoner saman med andre data i vitskapelege studier.
For den enkelte rapportør har Artsobservasjonar vorte ei elektronisk feltdagbok som held orden på eigne observasjonar, med tid, stad, art, individtal og medobservatørar. Rapporteringssystemet inneheld også mange nyttige funksjonar, til dømes eigne artslister for rapportør eller lokalitetar og fleire typar statistikk der rapportørane også kan samanlikna seg med andre. Det rike utvalet av funksjonar i systemet er med og motiverer rapportørane til å leggja inn sine observasjonar.
Stor innsats
Ved 3 millionars merket er det verdt å minna om den formidable innsatsen som ligg bak suksessen. Det er mange rapportørar som brukar svært mykje fritid på feltobservasjonar, og som no også brukar mykje tid på å leggja nye og gamle observasjonar inn i rapporteringssystemet. Det er hefta mange feilkjelder til det å prøve å estimera kor stor denne innsatsen er. Det er likevel mogleg å laga nokre grove overslag. Ut frå erfaringar på gjennomsnittleg tidsbruk ved feltobservasjonar, etterarbeid og innlegging tilsvarer truleg den frivillige innsatsen i godt i overkant av 50 årsverk (mellom minimum 35 og maksimum 90 årsverk) for dei 3 millionar observasjonane som er rapportert til no. Merk at reisetid til lokalitetane ikkje er teken med i dette estimatet.
Det er den enkelte rapportør si genuine naturinteresse som ligg i botnen for suksessen til Artsobservasjoner. Mange av rapportørane har dyrka sitt spesialområde innan feltbiologi i årevis og er nyfikne på å finna nye arter eller nye område der arten finst. Ikkje få rapportørar har opparbeida seg eigne samlingar eller registre over artsfunn. Desse vert no lagt inn i Artsobservasjoner. Mange av rapportørane har i tillegg også interesse for å ta vare på natur, og ser på det å dela sine funn som eit bidrag til samfunnets kunnskap om naturen. Så er nok Artsobservasjoner som andre sosiale medier innretta slik at brukarane vert synlege, kan markera seg fagleg og meddela seg på internett. Litt sunn konkurranse med seg sjølv og andre er også med på å styrkja motivasjonen til å dele kunnskapen.
Kontaktperson:
Seniorrådgiver Nils Valland
Epost: Nils.Valland@artsdatabanken.no
Telefon: 73 59 23 01
Mobil: 92 41 20 37
Aktuell dokumentasjon: